Fagleiar vatn og avlaup - Osterøy kommune
Osterøy kommune - Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Fagleiar vatn og avlaup
Eining for teknisk drift ligg under sektor for samfunnsutvikling og har ansvar for oppgåver innan veg, vatn og avlaup, kommunale bygg, reinhald samt brann og redning.
Som vår nye fagleiar for vatn og avlaup er du fagområdet sin representant inn i kommunen sine prosjekt, og du får ei sentral rolle i å drifte og utvikle fagområdet vatn og avlaup. Du må ha evne til å sjå framover, samt ha eit sterkt engasjement for fagområdet. Fokus på å levere best mogleg kvalitet til innbyggjarane våre er særs viktig, det same gjeld å levere på politiske og strategiske målsetjingar.
Avdelinga har det totale driftsansvar for vatn og avlaup i kommunen, og det er per i dag 5 tilsette i avdelinga i tillegg til fagleiar.
Avdelinga har eit veldig godt og stabilt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver blir ofte løyst saman med eksterne leverandørar eller konsulentar, og/eller på tvers av andre interne einingar.
Vi har etablert ei leiargruppe for teknisk drift der VA, veg, reinhald, byggdrift og
brann/redning deltar og samarbeider om å løyse oppgåvene. Stillinga er ein del av den taktiske/operative leiargruppa i sektoren under leiing av einingsleiar teknisk drift.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
Som fagleiar for vatn og avlaup vil du ha desse ansvars- og arbeidsoppgåvene:
- Ansvar for den daglege drift og utvikling av avdelinga
- Helse, miljø og tryggleik Fagmynde for VA-saker
- Temaplanar for vatn og for avlaup, og oppfølging av desse Tett samarbeid med prosjekt om VA-prosjekter Saksbehandling
- Innbyggjardialog og intern kommunikasjon
Kvalifikasjonskrav:
- 3-årig høgskule, gjerne innan VA-området, men og andre relevante fag på høgskulenivå vert vurdert. Anna relevant utdanning i kombinasjon med lang erfaring vil og vurderast.
- Det er ønskjeleg med leiarerfaring, og/eller ønskje om å ta leiaransvar
- Du treng god administrativ og digital kompetanse
- Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg er viktig Førarkort min. klasse B
Kven er du?
- Du er løysingsorientert og har godt humør
- Du har gode samarbeidseigenskapar
- Du har godt driv og engasjement, og et ønskje om å løyse behov for innbyggjarar, samt bidra til å nå politiske og administrative målsetjingar
Vi tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer Fine moglegheiter for fagleg utvikling
- Meget gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Personleg løn
- Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor
Offentleg tenestepensjon:
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson:
Asbjørn Grini, Partner – Visere
Telefon: 91794825. E-post: asbjorn@visere.no
Kenneth Taule Murberg, Leiar teknisk drift
Telefon: 90040498 | E-post: kenneth.murberg@osteroy.kommune.no
Arbeidsstad:
Geitaryggen 8 5282 Lonevåg (Osterøy Kommune)
- Steder
- Osterøy kommune
Osterøy kommune
Kunnskap, erfaring og tillit
Vi lever av fornøyde kunder og kandidater.
Fagleiar vatn og avlaup - Osterøy kommune
Laster inn søknadsskjema