Leiar for bedrifts- og personmarknaden - Sogn Sparebank
Vil du lede bedrifts- og personmarknaden i ein lokalbank med ekte engasjement for Sogn?
Sogn Sparebank er eigd frå Sogn, styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt området. I tillegg jobbar me tett på næringslivet og kjenner både kundar og området godt.
Sogn Sparebank har ein desentralisert struktur utan hovudkontor, Me er sterkt til stades i Sogn, med kontor i Aurland, Lærdal, Vik, Sogndal, Øvre Årdal og Årdalstangen. I tillegg til har vi eit kontor sentralt i Bergen.
Banken er ein del av Eika Alliansen. Alliansen består av 46 lokalbankar, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt, Lokalbankane er spreidd utover store delar av landet og bidreg til økonomiske vekst og tryggleik for privatkundar og næringsliv i sine marknadsområder. Dette gjer Eika til ein av dei største aktørane i den norske bankmarknaden – og ein av dei viktigaste aktørane for norske lokalsamfunn.
Leiar for bedrifts- og personmarknaden
Som leiar for person- og bedriftsmarkedet i Sogn Sparebank får du hovudansvar for å:
Utvikle og leia salgs- og forretningsstrategiar for både bedrifts- og privatkundar (BM/PM) med fokus på lønsam vekst og høg kundetilfredsheit.
Bygga og motivera eit team av rådgjevarar og teamleiarar gjennom aktiv coaching og endringsleiing.
Sikra måloppnåing på sentrale KPI-ar som rentemargin, volum og risikojusterte resultat.
Samarbeida tett med andre avdelingar og vera del av bankens leiinga, med aktiv deltaking i strategiske beslutningsprosessar.
Kvalifikasjonar
Mastergrad i økonomi/siviløkonom eller tilsvarande realkompetanse.
Relevant leiarerfaring frå bank, finans, revisjon eller som CFO, med dokumenterte salgs- og forretningsutviklingsresultat.
Sterk kommersiell og økonomisk forståing, evne til å omsette tal og analyser til praksis.
Erfaring med endringsleiing og dyktig til å motivere og utvikle medarbeidarar.
Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg på norsk og engelsk.
Vi tilbyr
Ein sentral rolle i ein solid lokalbank med høg grad av tillit og eigenråderett .
Konkurransedyktige betingelsar, særs god pensjons- og forsikringsordningar .
Godt inkluderande arbeidsmiljø i ei bank med sterk lokal forankring og kort veg til leiinga.
Synest du dette høyrest spennande ut? Rekrutteringa blir utført av Visere - ta kontakt med Jon Gjerde i Visere på tlf. 95844394 eller e-post: jon.gjerde@visere.no. Om ønskjeleg kan vi halde namnet ditt fortruleg overfor oppdragsgivar i første omgang.
Vi ser fram til å høyre frå deg snarast, eller innan 5.06.25.
- Steder
- Sogn Sparebank

Sogn Sparebank
Leiar for bedrifts- og personmarknaden - Sogn Sparebank
Vil du lede bedrifts- og personmarknaden i ein lokalbank med ekte engasjement for Sogn?
Laster inn søknadsskjema