Prosjektingeniør - Westcon Yard Florø AS
Er du prosjektingeniøren som har kontroll på detaljane – utan å miste oversikta?
Westcon Yard Florø held til på det tradisjonsrike verftet sentralt i Florø, og er ein leiande aktør innan forretningsområda subsea/fabrikasjon, skip og forsvar. Vi har ei prosjektportefølje som stadig utviklar seg i takt med nye behov og moglegheiter. Westcon satsar langsiktig og jobbar målretta med modernisering og berekraft. No ser vi etter fleire dyktige kollegaer som vil vere med og styrkje laget i eit variert arbeidsmiljø i vekst og utvikling.
Er du prosjektingeniøren som har kontroll på detaljane – utan å miste oversikta?
Du trivst med å vere bindeleddet mellom fag, folk og framdrift, og har både teknisk forståing og gode samarbeidsevner. Du er analytisk, strukturert og løysingsorientert – og kommuniserer godt med både kollegaer, kundar og leverandørar.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som prosjektingeniør i Westcon Yard Florø vil du vere ein sentral del av prosjektgjennomføringa og ha ansvar for teknisk underlag, koordinering og oppfølging.
Sentrale oppgåver:
- Utarbeide og kvalitetssikre teknisk underlag
- Prosjektering og planlegging
- Oppfølging på tvers av prosjektteam og fagområde
- Koordinering av kundar, leverandørar og interne ressursarKvalitetskontroll og teknisk dokumentasjon
Ønska kvalifikasjonar
Vi ser for oss at du har bachelorgrad eller teknisk fagskule, gjerne med fagbrev som grunnlag. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
Vidare er det ønskjeleg at du har:
- Erfaring frå prosjektarbeid, gjerne innan maritim eller mekanisk industri
- God systemforståing
- Gode språkferdigheiter i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Vi ser for oss at du:
- Er analytisk og strukturert
- Har gjennomføringsevne og står stødig i hektiske fasar
- Kommuniserer godt og bygg relasjonar på tvers
- Har eit ønskje om å bidra til god prosjektkultur, sikkerheit og berekraft
OM WESTCON YARD FLORØ
Westcon Yard Florø er i vekst og har som underleverandør til Kongsberg Naval Service inngått ein strategisk rammeavtale om vedlikehald av forsvaret sine fregattar, i tillegg til avtalar om vedlikehald av Kystvaktflåten. Vi opplever samtidig god vekst innanfor nybygg av subseamodular og leverer mellom anna til kundar som Aker, Technip FMS og Subsea 7. Vi er opptekne av at du må ha dei rette haldningane, like å samarbeide og kunne kommunisere godt med andre. Vi er vidare opptekne av at vi her på Westcon er eit fellesskap, der kunnskap blir delt på tvers av roller og avdelingar.
Kvifor velje oss? Som prosjektingeniør hos oss vil du få faglege utfordringar, men òg gode moglegheiter for individuell karriereutvikling. Våre siste store kontraktar gir oss mange moglegheiter, men òg tryggleik og stabilitet i eit langsiktig perspektiv. Som arbeidsplass kan vi by på fagleg utfordring og utvikling, kjekke kollegaer med godt samhald, eiga kantine, velferdsordningar og gode framtidsutsikter. Vi er i dag rett over 200 tilsette, og ser fram til å ønskje fleire nye kollegaer velkomne!
Verftet si lokalisering: Florø er ein småby med om lag 9 000 innbyggjarar lengst vest i landet og er omgjeven av fantastisk natur. Fjell og hav er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv med kafear, kultur og ulike fritidstilbod. Her er ein sentralt plassert flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. I tillegg har Kystekspressen sine båtruter to daglege avgangar til Bergen.
- Steder
- Westcon Yard Florø