Formann / Arbeidsleder - Westcon Yard Florø AS
Westcon Yard Florø søkjer formann / arbeidsleder
Westcon Yard Florø held til på det tradisjonsrike verftet sentralt i Florø, og er ein leiande aktør innan forretningsområda subsea/fabrikasjon, skip og forsvar. Vi har ei prosjektportefølje som stadig utviklar seg i takt med nye behov og moglegheiter. Westcon satsar langsiktig og jobbar målretta med modernisering og berekraft. No ser vi etter fleire dyktige kollegaer som vil vere med og styrkje laget i eit variert arbeidsmiljø i vekst og utvikling.
Westcon Yard Florø er i positiv utvikling og ønsker derfor å styrke vår produksjon med flere arbeidsledere/formenn.
Som arbeidsleder / formann hos oss får du ei operativ rolle med ansvar for å leie og koordinere produksjonen innan ditt fagområde.
Du jobbar tett på verksemda og har ei sentral rolle i å sikre effektiv produksjon, høg kvalitet og god flyt i det daglege. Du blir eit viktig bindeledd mellom operatørar og leiing, og bidreg til at både folk, utstyr og planar heng saman.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som arbeidsleiar hos oss vil du ha det daglege ansvaret for å organisere og følgje opp produksjonsarbeidet på ditt område. Du sørgjer for framdrift, ressursstyring og kvalitet – og legg til rette for eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Sentrale oppgåver:
- Leie og koordinere produksjonsarbeidet
- Følgje opp kvalitetskrav og HMS-planar
- Sørgje for riktig bemanning og fordeling av oppgåver
- Skaffe og sikre tilgang til ressursar, materiale og utstyr
- Samarbeide med andre avdelingar for god flyt i arbeidet
- Følgje opp timelister og rapportere framdrift
- Bidra til vedlikehald av verktøy og utstyr
- Fremje trivsel, motivasjon og lagånd
Ønska kvalifikasjonar
Vi ser for oss at du har relevant fagbrev eller høgare utdanning innan mekaniske, maritime eller tekniske fag, og at du har erfaring med leiaransvar i produksjonsmiljø.
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
- God forståing for HMS- og kvalitetsarbeid
- Erfaring frå verft, industri eller liknande miljø
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Som person er du strukturert, løysingsorientert og trygg i rolla di. Du får ting til å skje og motiverer teamet ditt.
Vi ser etter deg som:
- Tek ansvar og trivst med operative leiaroppgåver
- Har god oversikt og evne til å prioritere
- Er fleksibel og tilpassingsdyktig
- Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
OM WESTCON YARD FLORØ
Westcon Yard Florø er i vekst og har som underleverandør til Kongsberg Naval Service inngått ein strategisk rammeavtale om vedlikehald av forsvaret sine fregattar, i tillegg til avtalar om vedlikehald av Kystvaktflåten. Vi opplever samtidig god vekst innanfor nybygg av subseamodular og leverer mellom anna til kundar som Aker, Technip FMS og Subsea 7. Vi er opptekne av at du må ha dei rette haldningane, like å samarbeide og kunne kommunisere godt med andre. Vi er vidare opptekne av at vi her på Westcon er eit fellesskap, der kunnskap blir delt på tvers av roller og avdelingar.
Kvifor velje oss? Som Formann / Arbeidsleder hos oss vil du få faglege utfordringar, men òg gode moglegheiter for individuell karriereutvikling. Våre siste store kontraktar gir oss mange moglegheiter, men òg tryggleik og stabilitet i eit langsiktig perspektiv. Som arbeidsplass kan vi by på fagleg utfordring og utvikling, kjekke kollegaer med godt samhald, eiga kantine, velferdsordningar og gode framtidsutsikter. Vi er i dag rett over 200 tilsette, og ser fram til å ønskje fleire nye kollegaer velkomne!
Verftet si lokalisering: Florø er ein småby med om lag 9 000 innbyggjarar lengst vest i landet og er omgjeven av fantastisk natur. Fjell og hav er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv med kafear, kultur og ulike fritidstilbod. Her er ein sentralt plassert flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. I tillegg har Kystekspressen sine båtruter to daglege avgangar til Bergen.
- Steder
- Westcon Yard Florø
Westcon Yard Florø
Formann / Arbeidsleder - Westcon Yard Florø AS
Westcon Yard Florø søkjer formann / arbeidsleder
Laster inn søknadsskjema