Sparebank1 Sogn og Fjordane søker trainee: IT og Forretningsutvikling
Vil du jobbe tett på IT, sikkerheit og utvikling i ein bank i endring?
Vi søkjer vi ein trainee innan forretningsutvikling til avdeling IT og forretningsutvikling i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Som trainee vil du få ei rolle med tydeleg IT-fokus. Du vil jobbe med IT sikkerheit og personvern, bidra i prosjekt knytt til IT drift, nye løysingar og bruk av kunstig intelligens, følgje opp leverandørar og vere med på å sikre at teknologi og system gir reell verdi for banken. Rolla passar godt for deg som likar å ta ansvar, få oversikt og drive IT-relaterte initiativ framover.
Arbeidet krev samarbeid på tvers av heile banken. Difor vil du raskt bli kjent med både bankdrift, forretningsprosessar og korleis vi jobbar i praksis for å utvikle SpareBank 1 Sogn og Fjordane vidare.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har høgare utdanning, gjerne med retning mot IT sikkerheit, teknologi eller tilsvarande fagområde. Kompetanse eller interesse for kunstig intelligens og nye teknologiar er ein fordel. Du har ei prosjektorientert tilnærming og trivst med ansvar, koordinering og framdrift.
Du jobbar strukturert, har god gjennomføringsevne og likar å setje deg inn i komplekse problemstillingar. Du er nysgjerrig på teknologi og utvikling, kommuniserer godt med ulike fagmiljø og evner å jobbe både sjølvstendig og i lag med andre.
Kvifor SpareBank 1 Sogn og Fjordane?
I SpareBank 1 Sogn og Fjordane blir du ein del av eit miljø i utvikling, med høve til å forme din eigen arbeidskvardag og ta ansvar tidleg. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø med korte beslutningsvegar og stor tillit. Som trainee får du tett oppfølging og arbeidsoppgåver som gir reell læring og ansvar.
Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, redusert arbeidstid i sommarhalvåret og gode pensjons og forsikringsordningar. Som trainee får du ein trygg og lærerik start på karrieren i ein bank med sterk lokal forankring og tydelege ambisjonar for vidare utvikling. Arbeidsstad er Førde.
Nysgjerrig på om dette kan vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat:
Andrea Kristin Kvamsdal tlf: 97 63 91 48 epost: andrea.kvamsdal@ssf.no
Regine Gausemel tlf: 95 44 00 58 epost: regine.gausemel@ssf.no
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk gjennomførast av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Du vil jobbe som trainee hos oss i ett år – fra august til august.
- Department
- Framtidsfylket
- Steder
- Framtidsfylket AS