Sunnfjord utvikling søker trainee: Kommunikasjon
Vil du jobbe med kommunikasjon, næringsutvikling og event?
Er du glad i å formidle? Synest du samfunns- og næringsutvikling er spennande? Sunnfjord Utvikling ser etter deg som kan bidra til kommunikasjonsarbeidet vårt, slik at fleire får kjennskap til spennande prosjekt, tenester og arrangement som vi står bak.
Om Sunnfjord Utvikling
Sunnfjord Utvikling har seks tilsette og ei nøkkelrolle i å forme framtida til Sunnfjord. Vi jobbar tett på næringslivet, gründerar og offentleg sektor for å skape vekst, innovasjon og berekraftig utvikling i regionen. Som nærings- og tiltaksapparatet til Sunnfjord kommune er vi ein pådrivar for nye etableringar, vidareutvikling av eksisterande verksemder og dei gode idéane. Med eit sterkt regionalt nettverk jobbar vi for å gjere Sunnfjord til ein attraktiv stad å skape, bu og arbeide.
No ser vi etter ein trainee som vil vere med og formidle desse historiene.
Arbeidsoppgåver
Du vil få ei sentral rolle i kommunikasjonsarbeidet vårt og gjennomføring av marknads- og kampanjeaktivitetar. Det er viktig at du kan ta initiativ og jobbe sjølvstendig, sjølvsagt med støtte og råd frå gode kollegaer.
Arbeide strategisk med kommunikasjonsplan og omdøme
Produsere engasjerande innhald for digitale flater, som sosiale medium, nettsider og nyheitsbrev
Planlegge, koordinere og gjennomføre arrangement saman med resten av teamet
Kampanje- og prosjektarbeid
Om deg
Du har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
Du tek initiativ, er kreativ og utfordrar oss med nye idear
Det er eit pluss om du er opptatt av samfunns-/ næringsutvikling og berekraft
Kva kan vi tilby?
Som kommunikasjonstrainee i Sunnfjord Utvikling vil du oppleve varierte oppgåver. Den eine dagen er ein typisk kontordag med drift av nettside, publisering i sosiale medium og planlegging av ein kampanje, neste dag er du med og arrangerer ein stor konferanse. Som ny i arbeidslivet vil vi legge til rette for at du får ein god start. Kollegaene dine har lang erfaring med samfunns- og næringsutvikling, og vil gi deg gode råd og støtte på vegen. Vi gler oss til å bli betre kjend med deg, og er sikre på at vi kan lære mykje av din kompetanse. Arbeidsstad vil vere Peak Sunnfjord i Førde – eit moderne og sosialt kontorfellesskap.
Nysgjerrig på Sunnfjord? 👉 Her finn du det du treng for å bli kjend med korleis det er å bu, jobbe og leve her.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
Du må forstå og kommunisere på norsk.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august til august.
- Department
- Framtidsfylket
- Steder
- Framtidsfylket AS