Økonomileiar - Førde Sementvare AS
Vil du ha økonomiansvaret i eit av Sunnfjord sine mest solide industrikonsern?
Førde Sementvare AS er ei lokal og solid industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong. Vi leverer kvalitetsprodukt til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør i regionen. Vi har omlag 75 ansatte.
Gjennom høg fagkompetanse, moderne produksjon og sterk lokal forankring bidreg vi til utvikling og verdiskaping i Sunnfjord og på Vestlandet.
Vi er eit konsern med ambisjonar for vidare vekst og utvikling, og legg stor vekt på kvalitet, berekraft og langsiktig forretningsdrift. Hjå oss jobbar engasjerte medarbeidarar som er stolte av faget sitt og av verksemda dei er ein del av.
Økonomileiar - Førde Sementvare AS
Førde Sementvare AS er ei veletablert industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong til bygg- og anleggsmarknaden. Vi er ein viktig leverandør i regionen og står framfor ei spennande utviklingsfase med vidare profesjonalisering, vekst og effektivisering.
No søkjer vi ein økonomileiar som vil ta styringa over tal, analysar og økonomisk utvikling – og som aktivt bidreg til vidare vekst og verdiskaping. Dette er ei sentral leiarrolle der du får eit overordna ansvar for økonomistyringa og blir ein viktig sparringspartnar for leiinga i strategiske og kommersielle val.
Viktigaste arbeidsoppgåver:
Overordna ansvar for budsjett, rekneskap og rapportering
Gje leiinga solid økonomisk innsikt og gode avgjerdsgrunnlag
Bidra til lønsemd, effektiv drift og forretningsutvikling
Identifisere forbetringsområde og drive effektivisering av prosessar
Sikre at verksemda følgjer gjeldande lover og regelverk
Ansvar for løn og personaløkonomi
Vi ser etter deg som har:
Har relevant utdanning og erfaring (5+ år) innan økonomi og rekneskap
Har god forretningsforståing og evne til å sjå heilskapen
Kombinerer detaljfokus med strategisk og kommersiell tenking
Trivst med utviklingsarbeid og kontinuerleg forbetring
Er strukturert, analytisk og fremoverlent
Ønskjer å bidra aktivt til vekst og vidare utvikling
Dette er rolla for deg som likar å bruke økonomisk innsikt til å skape resultat.
Kvifor Førde Sementvare AS?
Ei sentral leiarrolle i eit konsern med klare vekstambisjonar
Ei leiarstilling i eitt av Sunnfjord sine ti største privateigde selskap
Reell påverknad på strategiske og forretningsmessige val
Eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Konkurransedyktige vilkår og gode utviklingsmoglegheiter
Stillinga rapporterer til dagleg leiar i verksemda. Det kan òg vere aktuelt med bistand mot eigar og innan forretningsutvikling for andre forretningsområde i eigargruppa.
Synest du dette høyrest spennande og interessant ut, ta kontakt med Jon Gjerde i Visere på tlf. 958 44 394 / jon.gjerde@visere.no. Om du ønskjer det, kan vi i første omgang halde namnet ditt konfidensielt overfor oppdragsgivar.
Vi ser fram til å høyre frå deg snarast eller innan 15.02. Gå inn på visere.no og legg inn søknad og CV.
- Steder
- Førde