Sunnfjord Utvikling søker trainee: Kommunikasjon og Innovasjon i Vilje helseklynge
Vil du vere med å gi forsking og helseinnovasjon den merksemda det fortener?
Som kommunikasjonstrainee i Vilje helseklynge får du ei sentral rolle i å løfte fram dei mest spennande prosjekta som skjer innan helse, teknologi og innovasjon i regionen vår. Her får du vere tett på både menneske, idéar og samarbeid som gjer ein forskjell. I klynga finn du sjukehus, kommunar, forskingsmiljø, utviklingsmiljø og framoverlente bedrifter – og du får vere den som fortel historia om korleis desse aktørane skapar nye løysingar saman.
Kven er vi?
Helsesektoren står midt i ei tid med enorme endringar – og ingen kan løyse dei åleine. Det er her Vilje helseklynge kjem inn. Vi samlar utdanning, helse- og omsorgssektoren, næringsliv og andre organisasjonar for å dele kunnskap, lære, teste og utvikle saman. Gjennom gode møteplassar driv vi fram innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane.
Som trainee hos Vilje får du ein unik sjanse til å vere tett på. Du jobbar side om side med klyngeleiaren, noko som betyr at du får reell påverknad på retninga og utviklinga av helseklynga. Sjølv om sjølve klyngeorganisasjonen er liten, kjem du inn i eit større fellesskap. Du blir ein del av både Sunnfjord Utvikling og helseforskingsmiljøet Helseforsking Sogn og Fjordane – ein kombinasjon som gir deg innsikt i innovasjon, samfunnsutvikling og helseforsking på same tid.
Klynga er nyetablert og er førebels organisert som prosjekt under Sunnfjord Utvikling. For meir informasjon om bakgrunn for klyngeetablering og kven som finansierer prosjektet sjå viljehelseklynge.no.
Kva går jobben ut på?
Du får hovudansvar for kommunikasjonen vår
Lage og sende nyheitsbrev som held partnarane våre oppdaterte
Oppdatere nettsida og sikre at innhaldet er nytt og relevant
Skape innhald til LinkedIn og Facebook – både tekst, foto og korte videoar
Vere «på plass» under arrangement og produsere innhald som viser fram alt det spennande som skjer
Du bidrar i arrangement – frå idé til gjennomføring
Vere med i planlegging og gjennomføring av små og store møteplassar
Jobbe tett med partnarane i klynga når vi utviklar aktivitetar saman
Du blir ein viktig del av teamet
Vere aktiv i utviklinga av helseklynga
Ta del i det breie fagmiljøet klynga
Og ja – du kjem til å reise litt
Du møter folk, prosjekt og partnarar rundt om i vakre Vestland
Kva kan vi tilby?
Hos oss får du ein karrierestart som vil gi deg ein brei og relevant kommunikasjons‑ og prosjektportefølje. Du får fleksibilitet til å jobbe sjølvstendig med stor fridom til å påverke din eigen arbeidsdag, samtidig som du får du ein pangstart på nettverksbygginga di.
Som trainee blir du ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram, med kurs, sosiale samlingar og eit engasjert nettverk av andre unge i same situasjon som deg. Det betyr både fagleg påfyll og eit sosialt fellesskap som gjer det lettare å finne seg til rette i regionen.
Kven er du?
Du har nyleg fullført bachelor eller master innan kommunikasjon, journalistikk, marknadsføring, innovasjonsfag, digital kommunikasjon eller liknande – og har maksimalt 3 års arbeidserfaring.
Du trivst med å jobbe sjølvstendig, men set også pris på å vere del av eit nettverk. Du er initiativrik, sosial og likar variasjon i arbeidsdagen – ein dag sit du og skriv, neste dag er du ute på eit arrangement med kamera.
Du meistrar både artikkelskriving og korte tekster i sosiale medium. Du likar å skrive, og har også blikket for god visuell kommunikasjon. Erfaring med eller interesse for foto og videoredigering er ein styrke.
Du skriv godt på nynorsk og bokmål.
Kjennskap til helse- og omsorgsfeltet er ein bonus, men ikkje eit krav – nysgjerrigheit og vilje til å lære er viktigare.
Ønsker du eit år fullt av læring, nettverk, ansvar og moglegheiter? Då er dette ein perfekt inngang til arbeidslivet for deg som vil vekse og bidra.
Stillinga er 100 % i eitt år som del av Framtidsfylket sitt traineeprogram, med kontorstad Førde.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Du vil jobbe som trainee hos oss i ett år – fra august til august.
- Department
- Framtidsfylket
- Steder
- Framtidsfylket AS