Førde Sementvare AS - Selger og Sivilingeniør (2 stillinger)
Vil du bli seljar eller sivilingeniør hos Førde Sementvare? Bli ein viktig rådgjevar inn i eit sterkt fagmiljø, arbeid tett med kundar og prosjekt, og bygg vekst og berekraft i lokalt lag.
Førde Sementvare AS er ei lokal og solid industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong- og sementvarer. Vi leverer kvalitetsprodukt til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør i regionen. Vi har omlag 75 ansatte.
Gjennom høg fagkompetanse, moderne produksjon og sterk lokal forankring bidreg vi til utvikling og verdiskaping i Sunnfjord og på Vestlandet.
Vi er eit konsern med ambisjonar for vidare vekst og utvikling, og legg stor vekt på kvalitet, berekraft og langsiktig forretningsdrift. Hjå oss jobbar engasjerte medarbeidarar som er stolte av faget sitt og av verksemda dei er ein del av.
No ser vi etter 2 nye medarbeidarar til å styrke laget vårt: Seljar og Sivilingeniør
Seljar - Førde Sementvare AS
Vil du jobbe med sal av konkrete byggjeløysingar – og bli ein viktig rådgjevar for kundane våre?
Førde Sementvare er ei solid industriverksemd med sterke røter i regionen og ambisjonar for vidare vekst. No søkjer vi ein engasjert seljar som vil vere med å utvikle marknaden vår og skape gode løysingar for kundane våre.
Hos oss jobbar du tett på både kundar, prosjekt og produksjon – og får vere med å påverke løysingane frå tidleg fase til ferdig leveranse.
Dette kjem du til å jobbe med:
Utarbeiding og oppfølging av tilbod
Aktiv kundekontakt og relasjonsbygging
Oppfølging av både eksisterande og nye kundar
Deltaking i prosjektutvikling saman med kundar og interne fagmiljø
Samarbeid med prosjektleiarar for å sikre gode og effektive leveransar
Dokumentasjon og oppfølging i relevante system
Kvifor velje oss?
Du får ein sentral rolle i eit selskap med sterk lokal posisjon og gode vekstambisjonar
Du jobbar tett på fagmiljøet og blir ein viktig rådgjevar for kundane
Kort veg frå idé til avgjerd – og moglegheit til å påverke
Eit godt arbeidsmiljø med stolte fagfolk og høg kompetanse
Varierte dagar med stor grad av sjølvstende
Vi ser etter deg som:
Har byggteknisk bakgrunn (ingeniør eller fagskule)
Har erfaring frå bygg, gjerne prefab
Er trygg i dialog med kundar og flink til å bygge tillit
Jobbar strukturert og tek eigarskap til eigen portefølje
Er utadvendt, samarbeidsorientert og motiverast av resultat
Likar å jobbe med produkt og finne løysingar
Arbeidsstad: Førde eller Loen
Sivilingeniør - Førde Sementvare AS
Vil du jobbe med prosjektering av bygg og følgje dei frå idé til ferdig bygg?
Førde Sementvare er ei solid industriverksemd med sterke røter i regionen og ambisjonar for vidare vekst. Vi leverer betongelement og byggjeløysingar til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør på Vestlandet. Hjå oss jobbar engasjerte fagfolk som er stolte av det dei skaper.
No søkjer vi ein engasjerte og fagleg flink sivilingeniør til elementavdelinga vår. Hos oss jobbar du tett på både prosjektering og produksjon – og får vere med å påverke løysingane gjennom heile prosjektløpet.
Arbeidsoppgåver:
Byggteknisk prosjektering, statiske berekningar og dimensjonering av betong- og stålkonstruksjonar
Utarbeiding av konstruksjonsteikningar, produksjons- og montasjeunderlag
Tett samarbeid med produksjon for å sikre gode og effektive løysingar
Deltaking i varierte prosjekt med fokus på kvalitet, berekraft og gjennomførbarheit
Kvifor velje oss:
Du får sjå resultata av arbeidet ditt bli realisert i praksis
Tett samarbeid mellom prosjektering og produksjon
Kort veg frå idé til avgjerd – og moglegheit til å påverke
Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse
Eit praktisk og løysingsorientert arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
Mastergrad innan bygg (sivilingeniør)
Erfaring fra konstruksjonar, gjerne innan betong og prefab
Erfaring med eller interesse for BIM- og prosjekteringsverktøy (t.d. Tekla/Autocad)
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
Strukturert og nøyaktig, med fokus på kvalitet
Initiativrik og løysingsorientert
Gode samarbeidsevner
Arbeidsstad: Førde eller Loen
For begge stillingane:
Synest du dette høyrest spennande og interessant ut, ta kontakt med Jon Gjerde i Visere på tlf. 958 44 394 / jon.gjerde@visere.no. Om du ønskjer det, kan vi i første omgang halde namnet ditt konfidensielt overfor oppdragsgivar.
- Steder
- Førde, Loen