Salg- og administrasjonsleiar - Jølster Bygg og Interiør AS
Jølster Bygg og Interiør har levert hytter og møblar på Vestlandet i meir enn 40 år. Tidlegare bygde vi tradisjonelle hytter med utgangspunkt i byggeskikken på Vestlandet, men i dag leverer vi eit vidt spekter av hytter.
Ofte er hyttene teikna saman med kunden, enten frå kunden sine idèar, eller med utgangspunkt i ei av dei ferdige hyttene våre. Elementa til hyttene produserar vi på fabrikken vår på Vassenden. Av interiør leverer vi kjøkken, bad og møblar. Mesteparten av interiørproduksjonen skjer på fabrikken vår, men vi leverer også kjøkken og bad frå AUBO. Vi kan vise til spennande kommersielle kundar på interiør-sida av drifta vår. Her produserer vi på bestilling frå arkitektar, eller utformar produktet saman med kunden.
Salg- og administrasjonsleiar
Er du skikkelig god på salg og administrasjon?
Perfekt! Vi er nemleg på jakt etter ein engasjert og sjølvgåande salg- og administrasjonsleiar som kan bli ein sentral del av oss i Jølster Bygg og Interiør AS. Med oss vil du få ansvar for å styrke både den administrative og operative kapasiteten i selskapet. Vi treng deg som ikkje berre driv fram sal og vekst, men som også sikrar at det blir gjort skikkeleg – frå første kundekontakt til siste leverte prosjekt.
Som salg- og administrasjonsleiar vil du ha ei variert rolle med ansvar for økonomistyring og oppfølging av både interne og eksterne prosessar. Du vil også jobbe tett med leverandørane våre for å sikre gode innkjøpsavtalar og konkurransedyktige prisar. Ein sentral del av arbeidet ditt vil vere sal av kjøkken og baderomsløysingar, der du vil utarbeide teikningar og skape skreddarsydde løysingar som møter kundane sine unike behov.
I denne rolla blir du ein verdifull støttespelar for dagleg leiar og ei nøkkelperson for vidare vekst og utvikling. Dette er ei moglegheit for deg som vil vere med å forme selskapet og skape varige verdiar, både for kundar og kollegaer.
Bli med oss, så gjer vi det skikkeleg – saman!
KVIFOR JØLSTER BYGG OG INTERIØR?
Denne stillinga gir deg moglegheita til å forme ei rolle i ei tradisjonsrik bedrift med solid lokal forankring. Her får du stor påverknad i utviklinga av selskapet sitt sal og administrasjon, og moglegheit til å arbeide tett med eit dyktig fagmiljø som prioriterar kvalitet i alle ledd.
Arbeidsdagen byr elles på:
- Økonomistyring: Ansvar for rekneskap, prosjektøkonomi, og overordna rapportering på selskapsnivå, i tett samarbeid med dagleg leiar.
- Sal og kundekontakt: Overordna ansvar for sal av kjøkken og bad, samt oppfølging av kundar gjennom heile prosjektløpet
Innkjøp og leverandøroppfølging: Forhandling og oppfølging av innkjøpsavtalar og samarbeidspartnarar.
Administrasjon: Ansvar for å sikre effektive administrative rutinar, koordinere interne prosessar og støtte organisasjonen med generell drift og dokumenthandsaming.
Marknadsarbeid: Bygge omdøme, såvel styrke kjennskap og synleggjering av selskapet gjennom målretta marknadsaktivitetar.
Spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rådgjevar/partner i Visere: Daniel Dvergsdal på tlf 90479470.
- Steder
- Jølster Bygg og Interiør
Jølster Bygg og Interiør
Kunnskap, erfaring og tillit
Vi lever av fornøyde kunder og kandidater.
Salg- og administrasjonsleiar - Jølster Bygg og Interiør AS
Laster inn søknadsskjema