Framtidsfylket - Trainee Fjellstrand: Elektroingeniør
Er du nyutdanna elektroingeniør?
Vil du vere med å forme framtida for maritime løysingar? Som trainee hjå Fjellstrand AS får du ikkje berre ein fot innanfor bransjen – du får ein heil arena for fagleg og personleg utvikling.
Her kjem du inn i eit miljø der berekraft møter innovasjon, og der ideane dine kan bli til praktiske løysingar. Som elektroingeniør vil du jobbe med alt frå å designe avanserte system innan automasjon, navigasjon og kommunikasjon, til å følgje prosessar frå konseptdesign til ferdigstilt produkt. Og ikkje minst – du vil bidra i spennande utviklingsprosjekt som bidrar til det grøne skiftet, som bygging av batteridrivne snøggbåtar og integrasjon av robotteknologi.
Arbeidskvardagen din
- Design og utvikling av system innan elektro, automasjon, navigasjon og kommunikasjon.
- Oppfølging av leverandørar og produksjon frå idé til ferdig produkt.
- Utarbeiding og oppbygging av 3D-produktmodellar.
Du vil jobbe i tett samarbeid med kollegaer og eksterne fagmiljø som NTNU og Sintef. Med vårt breie prosjektutval får du erfaring frå ulike typar fartøy, offshore-installasjonar og havbruksløysingar. I Fjellstrand får du vere ein del av eit lite, men sterkt fagmiljø som er ISO-sertifisert og kjent for å levere kvalitet.
Me er stolte av å vere ein del av den maritime grønskiftet, med prosjekt som spenner frå "state of the art"-fartøy til ombyggingar av forsyningsskip og nyvinningar innan batteriteknologi. Sist men ikkje minst vil me ta i bruk robotisering for å styrke kapasiteten og ta på oss meir komplekse prosjekt.
Kva du kan forvente hjå oss
- Eit støttande og sosialt miljø: Me er eit tett team som bryr oss om kvarandre, og som set pris på å løyse utfordringar saman.
- Utviklingsmoglegheiter: Me legg til rette for kurs og kompetanseheving, i tillegg til eit arbeidsmiljø som utfordrar og inspirerer deg.
- Ein arbeidsplass med hjarte for berekraft: Me nyttar resirkulerbare materialar som aluminium og tek miljøansvar i produksjonen.
- Litt ekstra kvardagsglede: Kaffi i særklasse og spontane turar i fjella rundt Omastrand er berre noko av det du kan glede deg til.
Livet utanfor jobben
Omastrand er den perfekte plassen for deg som verdset balanse mellom arbeid og fritid. Med fjord og fjell som nærmaste naboar har du uendelege moglegheiter for friluftsliv, vassport, kulturarrangement og rolege stunder i vakre omgjevnader.
Bli med oss i Fjellstrand og bidra til å forme framtida for maritim innovasjon! Søk i dag!
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august
Finn meir info om traineeprogrammet her.
- Department
- Framtidsfylket
- Steder
- Fjellstrand AS
Kolleger
Fjellstrand AS
Kunnskap, erfaring og tillit
Vi lever av fornøyde kunder og kandidater.
Framtidsfylket - Trainee Fjellstrand: Elektroingeniør
Er du nyutdanna elektroingeniør?
Laster inn søknadsskjema