Framtidsfylket - Trainee Brødrene Aa: Engineering
Bli ein del av framtida hos Brødrene Aa!
Er du klar for å starte karrieren din i skjeringspunktet mellom teknologi, innovasjon og forretning?
Brødrene Aa søkjer ein engasjert og lærevillig trainee som vil bidra til å utvikle Brødrene Aa gjennom ingeniøravdelinga struktur og arrangement, eller rør og mekanisk.
I rolla som ingeniør i Brødrene Aa er du ein del av eit team som designar og konstruerer driftsoptimale fartøy. Vi ser etter deg som har utdanning som skipsingeniør eller rør/mekanisk ingeniør. For oss er det eit pluss om du er ein kandidat med god forståing for bruk av teknologi, har noko innsikt i klasse og myndigheitskrav innan faget du representerer, er nysgjerrig på å utvikle kompetanse og har kvalitet i din leveranse. Ansvar og forventningar til stillinga blir tilpassa din bakgrunn og erfaring, og du vil få tittel prosjektingeniør eller senior ingeniør. I teama våre finn du både nyutdanna og erfarne ingeniørar.
Arbeidsoppgåver
Du vil blant anna jobbe med:
- Teknisk teikning for produksjon av nybygg
- Utarbeide av dokumentasjon til klasse/myndigheit
- Produktutvikling
- Medverke til at Brødrene Aa oppretthalde sin posisjon som leiande produsent av høgteknologisk fartøy
Vi tilbyr
Hos oss vil du få interessante arbeidsoppgåver og sjansen til å utvikle deg både fagleg og personleg. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø der du vil få kollegaer med lang og solid erfaring, men også ungt pågangsmot. Vi set pris på ideane dine, og du vil fort merke at det du bidrar med vil bety noko. Vi vil gi deg tett oppfølging og fagleg støtte, slik at du får ein trygg og god start på arbeidslivet.
Ønska kvalifikasjonar
- Ingeniørhøgskule / Teknisk fagskule
- Erfaring frå verft eller skipskonsulentfirma
- Erfaring med AutoCad og Rhino o.l.
- Gode norsk og engelskkunnskapar skriftleg og munnleg.
- Kjennskap om reglane til anerkjente klasseselskap (DNV, BV og HSC-2000)
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Om oss:
Brødrene Aa er leiande innan design og produksjon av energi-effektive passasjerfartøy bygd i karbonfiber. Vi er ei føregangsbedrift innan innovasjon og teknologi. Vi legg vekt på eit inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø der kvar enkelt medarbeidar blir verdsett og får moglegheiter til å vekse.
Les meir om oss her:
- – Får heile tida utfordra meg sjølv på spennande prosjekt
- Ingeniørane våre skreddarsyr morgondagens fartøy
- Nyheter frå Brødrene Aa
Er du den vi ser etter? Send oss ein søknad der du fortel om deg sjølv, utdanninga di og kvifor du er den rette for denne stillinga. Vi ser fram til å høyre frå deg!
- Department
- Framtidsfylket
- Steder
- Brødrene Aa
Kolleger
Brødrene Aa
Kunnskap, erfaring og tillit
Vi lever av fornøyde kunder og kandidater.
Framtidsfylket - Trainee Brødrene Aa: Engineering
Bli ein del av framtida hos Brødrene Aa!
Laster inn søknadsskjema