Framtidsfylket - Fjord1 Trainee : HMS og berekraft
Bli med å utvikle berekraftige løysingar i Noregs leiande ferjeselskap
Vil du vere med på å leie det grøne skiftet innan ferjenæringa? Fjord1 er pionerar i miljøvenleg transport og jobbar målretta for å vere den sikraste og mest attraktive leverandøren i marknaden.
Med hovudkontor i Florø og regionkontor i Bergen og Molde har vi rundt 1200 dedikerte medarbeidarar på sjø og land. Dei siste åra har vi investert i nærmare 30 nye el-ferjer og modernisert flåten vår for å møte klimakrava.
No ser vi etter deg som vil vere med på denne reisa og bidra til berekraftige løysingar i ei framtidsretta bedrift.
Som trainee innan HMS og berekraft vil du få høve til å vere med på å utvikle- og gjennomføre tiltak som sikrar at Fjord1 oppnår sine målsettingar. Du vil arbeide med analysar og rapportering knytt til HMS- og berekraftsmål, og du vil delta i tverrfaglege prosjekt som fremjar HMS og berekraftige løysingar. Gjennom tett samarbeid med erfarne kollegaer og eksterne partnarar får du bidra til å utvikle og gjennomføre berekraftige strategiar som styrkjer Fjord1 sin leiande posisjon innan miljøvenleg transport.
Kven er du?
Vi ser etter ein nyutdanna eller ein som er i starten av karrieren, med ei relevant utdanning innan berekraft, HMS, miljøleiing, teknologi eller liknande fagfelt. Du bør:
- Ha ei sterk interesse for HMS og berekraft.
- Vere ein sjølvstendig pådrivar som og trivst med å samarbeide i team.
- Vere analytisk og strukturert, med evne til å gjennomføre og levere resultat.
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Kvifor velje Fjord1?
Hos oss får du ei unik moglegheit til å starte karrieren din i eit selskap som leiar an i den grøne omstillinga. Du vil delta i spennande prosjektarbeid på tvers av fagområde, få ansvar og høve til å påverke utviklinga i selskapet, og bli følgt opp tett både fagleg og personleg. Fjord1 legg stor vekt på å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der alle føler seg velkomne og verdsette. Hos oss møter du engasjerte kollegaer som deler kunnskap, støttar kvarandre og bidreg til eit positivt fellesskap.
- Department
- Framtidsfylket
- Steder
- Fjord1 ASA
Kolleger
Fjord1 ASA
Kunnskap, erfaring og tillit
Vi lever av fornøyde kunder og kandidater.
Framtidsfylket - Fjord1 Trainee : HMS og berekraft
Bli med å utvikle berekraftige løysingar i Noregs leiande ferjeselskap
Laster inn søknadsskjema