Delelageransvarleg - Eiksenteret Førde
Sentral stilling hos Eiksenteret i Førde
Eiksenteret i Førde ser etter vår nye delelageransvarleg som kan ta styring på logistikk, system og kundeservice i skjæringspunktet mellom verkstad, butikk og leverandørar. Dette er ei nøkkelrolle som skal sikre at mekanikarane får delane dei treng, kundane får gode svar – og drifta går som den skal.
Du må trivast med både struktur og tempo, og du er gjerne ein person som har kontroll på detaljane utan å miste oversikta. Det handlar om å vere til stades, sjå kva som trengst og ta ansvar – samtidig som du jobbar tett saman med folk du kjenner og har tillit til.
Dine ansvarsområde
Som delelageransvarleg får du ei nøkkelrolle i å sikre effektiv vareflyt og god samhandling mellom butikk, verkstad og kundar. I ein travel kvardag er du den som held oversikt over kva som kjem inn, kva som skal ut - og kva som må følgast opp.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Bestille og fakturere delar til verkstad, lager og kundar
- Ta imot og følgje opp kundar via telefon, e-post og over disk
- Sørge for at verkstaden har rett delar til rett tid – og vere tett på i det daglege samarbeidet
- Handsame reklamasjonar og garantiar, i samarbeid med verkstad og leverandørar
- Registrere og følgje opp varemottak, og sikre samsvar mot faktura
- Bruke og vidareutvikle våre system for logistikk og lagerstyring
- Forbetre rutinar og struktur som gir betre oversikt og kontroll
- Det må også reknast med arbeid kvar fjerde laurdag, i tidsrommet 09:00–13:00
Vi ser etter deg som har ønskje om å ta ansvar for, og styring av logistikken hos oss. Du er gjerne navet i drifta vår, og meistrar ein arbeidskvardag med kontaktflate i butikk, på telefon og på e-post.
Rolla rapporterar til dagleg leiar og har arbeidsstad ved Eiksenteret i Førde.
Kvifor Eiksenteret Førde?
Hos oss jobbar du i ei bedrift med lange tradisjonar, lokal eigarskap og korte linjer mellom avgjerder og handling. Du blir ein del av eit tett, praktisk og triveleg arbeidsmiljø – der det er lov å ta initiativ, og der handlekraft blir verdsett.
Som delelageransvarleg hos oss får du jobbe saman med dyktige kollegaer som er opptekne av å ivareta eit godt arbeidsmiljø, og som set pris på fagleg utvikling. Vi har stort fokus på kursing og kompetanseheving, og gjennom Eik-kjeda har vi tilgang til AGCO Academy sitt omfattande utviklingsprogram. Det inkluderar kurs hjå blant anna Fendt i Tyskland og Massey Ferguson i Frankrike. Her møter du topptrente fagfolk som kjenner produkta og metodane våre ut og inn
Kven er du?
Du har teknisk innsikt, liker å ta ansvar og trivst med å jobbe tett på både kundar og kollegaer. Kanskje har du skrudd sjølv, kanskje har du jobba på delelager – eller kanskje du rett og slett berre har god praktisk teft og ein strukturert arbeidsstil.
Vi trur du har:
- Erfaring frå lager, verkstad, butikk eller teknisk handel
- Kjennskap til landbruk, maskinar eller småmekanikk
- Gode datakunnskapar og evne til å lære deg nye system
- God formidlingsevne og evne til å handtere hektiske dagar med ro og oversikt
Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.
OM EIKSENTERET FØRDE
Eiksenteret Førde vart starta i 1986 og har i dag 10 tilsette, med ei omsetning på ca 70 mill. årleg. Eiksenteret er ein del av ei landsdekkande franchisekjede der Eikmaskin AS er kjedegiver og importør. Eik-kjeden består av 30 sjølvstendige selskap som med sine underavdelingar er representert på 46 stader i Norge. Vårt produktspekter er kjende merkevarer; Massey Ferguson, Fendt, Ålø, Grimme, HE-VA, Junkkari, Dalen, Amazone og Tellefsdal - I tillegg til eit omfattande butikk og rekvisitautval til landbruk- og anleggsbransjen.
- Steder
- Eiksenteret Førde
