Planlegger - Prosjektlogistikk - Westcon Yard Florø AS
Westcon Yard Florø søker Planlegger - Prosjektlogistikk
Westcon Yard Florø held til på det tradisjonsrike verftet sentralt i Florø, og er ein leiande aktør innan forretningsområda subsea/fabrikasjon, skip og forsvar. Vi har ei prosjektportefølje som stadig utviklar seg i takt med nye behov og moglegheiter. Westcon satsar langsiktig og jobbar målretta med modernisering og berekraft. No ser vi etter fleire dyktige kollegaer som vil vere med og styrkje laget i eit variert arbeidsmiljø i vekst og utvikling.
Som planlegger for prosjektlogistikk hos oss får du ei operativ rolle med ansvar for struktur, ressursstyring og framdrift.
Du blir ein nøkkelperson i prosjektgjennomføringa og jobbar tett med fagmiljø som utviklar seg i takt med nye krav og teknologi. Du får ansvar for å planleggje ressursar, personell og aktivitetar – og visualisere vegen til målet i vårt plansystem. Du må kunne sjå det store biletet, men òg ha blikk for detaljane.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som planlegger for prosjektlogistikk i Westcon Yard Florø vil du arbeide tett saman med kollegaer på tvers av prosjektteam. Du jobbar dedikert med utarbeiding av planar, kalkylar og teknisk underlag for nye prosjekt.
Sentrale oppgåver
- Utarbeide og følgje opp framdriftsplanar og analysar
- Følgje opp produksjon og sikre samsvar mellom plan og praksis
- Bidra til utarbeiding av jobbpakker
- Koordinere kundar og leverandørar, i samarbeid med prosjektteamet
- Planlegge logistikk knytt til innkjøp og ressursbruk
- Delta i interne utviklings- og forbetringsprosjekt
Ønska kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har erfaring med planlegging og logistikk, gjerne frå verfts-, offshore- eller leverandørindustrien
Vi ser gjerne at du har:
- Erfaring som planlegger, logistikkmedarbeidar eller liknande
- Ingeniørutdanning innan marinteknikk, produksjonsteknikk, subsea eller tilsvarande
- God systemforståing og interesse for digital planlegging
- Gode språkferdigheiter i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser for oss at du er strukturert, effektiv og løysingsorientert. Du samarbeider godt med andre og har:
- Gode kommunikasjonsevner
- Pågangsmot
- Ei analytisk og systematisk arbeidsform
- Evne til å tilpasse deg og finne praktiske løysingar
Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG / NATO SECRET. Sjå nsm.no for meir informasjon.
Ved spørsmål om stillingen; ta gjerne kontakt med Avdelingsleder Teknisk: Boy Patrick Markx på tlf: 467 89 925, eller e-post: boy.patrick.markx@westcon.no
OM WESTCON YARD FLORØ
Westcon Yard Florø er i vekst og har som underleverandør til Kongsberg Naval Service inngått ein strategisk rammeavtale om vedlikehald av forsvaret sine fregattar, i tillegg til avtalar om vedlikehald av Kystvaktflåten. Vi opplever samtidig god vekst innanfor nybygg av subseamodular og leverer mellom anna til kundar som Aker, Technip FMS og Subsea 7. Vi er opptekne av at du må ha dei rette haldningane, like å samarbeide og kunne kommunisere godt med andre. Vi er vidare opptekne av at vi her på Westcon er eit fellesskap, der kunnskap blir delt på tvers av roller og avdelingar.
Kvifor velje oss? Som planlegger for prosjektlogistikk hos oss vil du få faglege utfordringar, men òg gode moglegheiter for individuell karriereutvikling. Våre siste store kontraktar gir oss mange moglegheiter, men òg tryggleik og stabilitet i eit langsiktig perspektiv. Som arbeidsplass kan vi by på fagleg utfordring og utvikling, kjekke kollegaer med godt samhald, eiga kantine, velferdsordningar og gode framtidsutsikter. Vi er i dag rett over 200 tilsette, og ser fram til å ønskje fleire nye kollegaer velkomne!
Verftet si lokalisering: Florø er ein småby med om lag 9 000 innbyggjarar lengst vest i landet og er omgjeven av fantastisk natur. Fjell og hav er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv med kafear, kultur og ulike fritidstilbod. Her er ein sentralt plassert flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. I tillegg har Kystekspressen sine båtruter to daglege avgangar til Bergen.
- Steder
- Westcon Yard Florø
Westcon Yard Florø
Planlegger - Prosjektlogistikk - Westcon Yard Florø AS
Westcon Yard Florø søker Planlegger - Prosjektlogistikk
Laster inn søknadsskjema