Dokkoperatør - Westcon Yard Florø AS
Vil du ta del i spennande dokk-operasjonar?
Westcon Yard Florø held til på det tradisjonsrike verftet sentralt i Florø, og er ein leiande aktør innan forretningsområda subsea/fabrikasjon, skip og forsvar. Vi har ei prosjektportefølje som stadig utviklar seg i takt med nye behov og moglegheiter. Vi opplever god vekst, og i løpet av hausten 2025 står vår nye tørrdokk klar – noko som gir oss auka kapasitet og nye prosjekt å løyse i åra som kjem.
Med økt oppdragsmengde og ny dokk, søkjer vi etter dokkoperatørar som vil bidra til trygge og effektive dokkingoperasjonar for både sivile og militære fartøy. Du blir ein del av eit fagmiljø der presisjon og tryggleik står i sentrum, og der oppdraga er viktige for å halde ved like og vidareutvikle vår maritime arv
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging og koordinering av putebygging
- Bistå ved inn- og utdokkingar
- Vedlikehaldsarbeid på fartøy og i dokk
- Ettersyn og kontrollrutinar for dokkinstallasjonar
- Ivareta eiga og andre si tryggleik som ein naturleg del av arbeidet (HMS)
Ønska kvalifikasjonar
- Gode haldningar og kunnskap innan HMS
- Erfaring med putebygging og god teikningsforståing
- Teknisk forståing, særleg innan skipskonstruksjon
- Erfaring med mekanisk arbeid
- Bakgrunn frå maritim bransje er ein stor fordel
- Kran- og truckførarbevis er positivt
- Gode språkferdigheiter i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar Vi legg vekt på lojalitet, sikkerheitsmedvit og personleg eignaheit for arbeidet. Du har god dømmekraft og evne til å følgje prosedyrar og tryggleiksinstruksar. Det er krav om at du kan sikkerheitsklarerast.
Vi ser etter deg som:
- Er påliteleg og har gode samarbeidsevner
- Jobbar effektivt og nøyaktig
- Er fleksibel med tanke på arbeidsoppgåver og arbeidstider
Om du ønskjer å bidra til Noregs maritime framtid – midt i hjartet av Vestlandet – oppmodar vi deg til å søkje.
OM WESTCON YARD FLORØ
Westcon Yard Florø er i vekst og har som underleverandør til Kongsberg Naval Service inngått ein strategisk rammeavtale om vedlikehald av forsvaret sine fregattar, i tillegg til avtalar om vedlikehald av Kystvaktflåten. Vi opplever samtidig god vekst innanfor nybygg av subseamodular og leverer mellom anna til kundar som Aker, Technip FMS og Subsea 7. Vi er opptekne av at du må ha dei rette haldningane, like å samarbeide og kunne kommunisere godt med andre. Vi er vidare opptekne av at vi her på Westcon er eit fellesskap, der kunnskap blir delt på tvers av roller og avdelingar.
Kvifor velje oss? Som dokkoperatør hos oss vil du få faglege utfordringar, men òg gode moglegheiter for individuell karriereutvikling. Våre siste store kontraktar gir oss mange moglegheiter, men òg tryggleik og stabilitet i eit langsiktig perspektiv. Som arbeidsplass kan vi by på fagleg utfordring og utvikling, kjekke kollegaer med godt samhald, eiga kantine, velferdsordningar og gode framtidsutsikter. Vi er i dag rett over 200 tilsette, og ser fram til å ønskje fleire nye kollegaer velkomne!
Verftet si lokalisering: Florø er ein småby med om lag 9 000 innbyggjarar lengst vest i landet og er omgjeven av fantastisk natur. Fjell og hav er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv med kafear, kultur og ulike fritidstilbod. Her er ein sentralt plassert flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. I tillegg har Kystekspressen sine båtruter to daglege avgangar til Bergen.
- Steder
- Westcon Yard Florø