Rekneskapsmedarbeidar - Fjord1
Vi søkjer deg som vil bidra til nøyaktig og effektiv rekneskapsføring i Noregs leiande ferjeselskap.
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein sentral aktør i det grøne skiftet innan transportsektoren. Vi kombinerer lange maritime tradisjonar med modernisering, teknologi og framtidsretta drift. No søkjer vi ein strukturert og nøyaktig rekneskapsmedarbeidar som trivst med varierte oppgåver og ønskjer å bidra til høg kvalitet i rekneskapsarbeidet vårt. Du vil ta del i det samla økonomimiljøet vårt i Florø, og få jobbe tett saman med erfarne kollegaer i eit solid, digitalt og fagleg sterkt miljø.
Om stillinga
Som rekneskapsmedarbeidar blir du ein viktig del av rekneskapsfunksjonen i Fjord1. Du jobbar med løpande produksjon av rekneskap, og bidreg til at prosessar og rutinar blir gjennomført effektivt og korrekt. Arbeidet omfattar registrering, kontroll og avstemming, og du får innsikt i heile verdikjeda frå faktura til rapportering.
Vi ser etter deg som har auge for detaljer, likar system og orden, og som set pris på ein kvardag med både faste oppgåver og faglege utfordringar. Stillinga rapporterar til leiar for rekneskap i Fjord1.
Dine ansvarsområde
- Løpande bokføring, bilagsføring og dagleg avstemming
- Handsaming av inngåande og utgåande fakturaer
- Handtering av inn- og utbetalingar frå bank
- Oppfølging av inntekter, prosjekt og anleggsregister
- Rapportering av skattar, avgifter og statistikk
- Bidra i periodiske avslutningar
- Kvalitetskontroll og bidrag til internkontroll i rekneskapsfunksjonen
- Samarbeid med rekneskapsrådgjevarar og rekneskapsleiar om rutinar og forbetringstiltak
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har interesse for rekneskap, system og kvalitet, og som trivst med å jobbe strukturert og nøyaktig. Du er nysgjerrig på faget, likar å forstå samanhengar og ønskjer å bidra til gode prosessar i eit digitalt og framtidsretta miljø.
Vi trur at du har:
- Interesse for rekneskap og økonomi, gjerne støtta av utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon
- Engasjement for digitale løysingar og system, og ønskje om å lære meir om automatisering og effektivisering
- Evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og sjølvstendig – men òg som del av eit team
- Auge for kvalitet og vilje til å ta ansvar for eige arbeid
- Klår og presis kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
Eit mannskap for alle
Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne.
Hos oss handlar det om kva du kan bidra med – ikkje kvar du kjem frå.
Lyst til å ta ein prat om stillinga?
Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Asbjørn Grini – 917 94 825 / asbjorn@visere.no
Alle søknadar vert behandla fortløpande.
Om Fjord1
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit framoverlent selskap, med klare ambisjonar for framtida.
- Steder
- Fjord1
