Kjøkkensjef - Elvesus Restaurant & Bar
Vil du leie og utvikle kjøkkenet ved Elvesus?
Elvesus har etablert seg som ein sosial oase midt i Førde, langs Jølstra – ein stad der mat, drikke og fellesskap bind folk saman. Med eit topp moderne kjøkken og ei erfaren leiargruppe, søkjer vi ein kjøkkensjef som vil vere med å forme og vidareutvikle konseptet.
Dette er ei rolle for deg som trivst med ansvar, fagleg leiarskap og høg aktivitet – og som finn motivasjon i å skape kvalitet, struktur og samarbeid på kjøkkenet.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar og er ein sentral del av leiargruppa ved Elvesus Bar & Restaurant.
Om stillinga
Kjøkkenet er hjartet i Elvesus, og du får ansvaret for den faglege retninga og den daglege drifta. Du leiar eit kjøkkenteam med dyktige fagfolk og lærlingar, og samarbeider tett med dagleg leiar, restaurantsjef og barsjef for å sikre heilskaplege gjesteopplevingar.
Stillinga er operativ, med ansvar for både leiing og aktiv deltaking i dagleg drift. Du har òg det overordna ansvaret for at krav til matsikkerheit, internkontroll og HMS blir følgde.
Arbeidsoppgåver
- Menyutvikling, prissetjing og kostnadskontroll
- Innkjøp, varelager og oppfølging av leverandørar
- Personalleiing som omfattar opplæring, oppfølging og vaktplanlegging for kjøkkenpersonalet
- Utvikling av konsept og tilbod i samarbeid med leiargruppa
Kven er du?
Du er fagleg sterk, trygg i både klassiske og moderne teknikkar, og kombinerar kvalitet med kommersiell forståing. Du har brei kulinarisk erfaring og trivst i eit miljø der tempo, presisjon og samarbeid er avgjerande.
Som leiar er du til stades, strukturert og tydeleg. Du ser menneska i laget ditt og bygg trivsel gjennom trygg leiing og klare forventningar.
Vi ser for oss at du:
- Har bakgrunn som kokk og solid erfaring frå restaurantdrift med høg aktivitet
- Trivst med ansvar og fagleg leiarskap
- Kommuniserer tydeleg og har gode samarbeidsevner
- Ønskjer å bidra til vidare utvikling av Elvesus som matdestinasjon
Bli vår nye kjøkkensjef
Vi ser etter deg som vil bygge eit kjøkkenmiljø prega av fagleg styrke, struktur og samarbeid. Det er investert betydeleg i sjølve kjøkkenet, som held høg standard og gir kapasitet og fleksibilitet til å levere kvalitet på høgt nivå. Samstundes er det bygd strukturar som støttar utvikling, effektivitet og kontinuitet i drifta.
Rolla gir reell moglegheit til å påverke retning og meny i samspel med dagleg leiar – i eit stabilt og engasjert miljø med rom for fagleg vekst.
Om Elvesus
Elvesus er meir enn Restaurant & Bar. Langs jølstra har vi skapt ein stad der sosialt samvær og kulinariske opplevingar går hand i hand.
Ein kulinarisk oase for deg som elskar god mat og god stemning.
Lyst til å ta ein prat om stillinga?
Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Alle søknadar vert behandla fortløpande.
- Steder
- Elvesus Restaurant & Bar
