Hywer søker trainee: Maskiningeniør
Vil du starte ingeniørkarrieren midt i den grøne omstillinga?
Hywer ser etter deg som vil jobbe med prosjekt innan fornybar energi og vere med på å utvikle vasskraftprosjekt frå idé til ferdig anlegg. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø, der du får jobbe tett på erfarne kollegaer og lære mykje – fort.
Kva jobbar Hywer med?
Hywer er ein leiande leverandør av løysingar innan vasskraft, og leverer alt frå enkeltkomponentar til komplette vasskraftanlegg. Vi har erfaring frå nær 90 kraftverk og over 600 vasskraftprosjekt, og jobbar i heile verdikjeda – frå design og prosjektering til bygging og idriftsetjing. Vi er i dag rundt 45 tilsette, med hovudkontor i Dale i Sunnfjord, og er eit heileigd dotterselskap i Saint-Gobain-konsernet. Her kombinerer vi tryggleiken frå eit stort konsern med raske avgjerder og stor påverknad i kvardagen.
Kva går traineestillinga ut på?
Som trainee maskiningeniør vil du jobbe med gjennomføring av vasskraftprosjekt, der hovudfokuset er:
Teknisk prosjektering av vasskraftløysingar
Planlegging og oppfølging av aktivitetar i prosjekt
Fagleg støtte gjennom heile prosjektets livsløp – frå forprosjekt til idriftsetjing
Utarbeiding av tekniske berekningar, teikningar og modellar
Bidrag til teknisk kvalitet, framdrift og gode løysingar i prosjekta
Du vil jobbe i tverrfaglege team, saman med prosjektleiarar, prosjekteringsleiarar og andre fagressursar, og få god oppfølging og rettleiing undervegs.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er nyutdanna maskiningeniør (bachelor eller master), og som er nysgjerrig på vasskraft, energi og prosjektarbeid.
Vi håpar du:
Har utdanning innan maskinfag eller tilsvarande
Er motivert for å lære og utvikle deg fagleg
Trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team
Er strukturert, løysingsorientert og teknisk interessert
Kommuniserer godt på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
Erfaring frå prosjektering eller relevante verktøy (som 3D-modellering, berekningar eller tekniske teikningar) er ein fordel – men ikkje eit krav i ei traineestilling.
Kvifor starte karrieren din hos Hywer?
Hos oss får du:
Ein trygg start på ingeniørkarrieren med tett fagleg oppfølging
Arbeid med reelle prosjekt som bidreg til fornybar energiproduksjon
Eit sosialt og fagleg sterkt miljø med kort veg til avgjerder
Gode utviklingsmoglegheiter og konkurransedyktige vilkår
Fleksitid og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
Arbeidsstaden din vil vere ved hovudkontoret vårt i Dale i Sunnfjord – midt mellom fjord, fjell og natur, og med kort veg til både friluftsliv og vårt rike kulturliv. Les gjerne meir om kommunen Fjaler på Sunnfjord.no
Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med Bjarte Grytli Seim, Avdelingsleiar prosjektering
📞 45 40 17 18
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august til august.
- Department
- Framtidsfylket
- Steder
- Framtidsfylket AS