Automatikar
Vil du arbeide som automatikar hos Lerum? Bli med i eit prosjekterande team som feilsøker, vedlikeheld og utviklar produksjonen i eit familieeigd, moderne og naturnært fabrikkmiljø.
Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus.
Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der både fjerde og femte generasjon Lerum no er eigarar. I 2025 hadde Lerumkonsernet ein netto omsetnad på 936 mill. kroner og 137 tilsette. Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus og har i tillegg betydeleg eksport av saft til Sverige og Finland.
Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRCGS, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet. Lerum er lokalisert på Kaupanger, i Sogndal kommune, og omgitt av nydeleg natur med fjell og fjordar rett utanfor døra.
Lerum kjøper råvarer og emballasje frå mange ulike land, men prioriterer å kjøpe kortreist, både råvarer og emballasje.
I Lerum ønskjer vi å bidra til ei berekraftig utvikling og er derfor opptekne av å jobbe aktivt for å fremje og utvikle gode arbeids- og miljøforhold både i verksemda og hjå leverandørar. Arbeidet med leverandørane har høg prioritet og rammene rundt dette arbeidet er styrt av vårt medlemskap i Initiativ for etisk handel.
Lerum AS er i vekst og har fleire ledige faste stillingar på vedlikehaldsavdelingen som automatikar. Lerum søker etter en dyktig, initiativrik og sjølvstendig person, som vil vere ein del av laget som er best på saft og syltetøy i landet. Du vil bli del av eit spennande og moderne fagmiljø, med utfordrende og lærerike oppgåver.
Lerum AS har eit fabrikkanlegg på 28 000 m2.
Arbeidsoppgåver:
Utføre feilsøkjing, service, installasjonar og reparasjon av anlegg, maskiner og utstyr
Bidra til å forbetre og optimalisere vedlikehaldsoppgåver
Arbeide tett på produksjonsavdelingane for å sikre kvalitet og driftstid
Delta aktivt i fabrikkens forbedringsarbeid
Delta i prosjektplanlegging og gjennomføring
Kvalifikasjonar:
Fagbrev som automatikar er ønskjeleg men ikkje eit krav
Praksis/ erfaring frå industri/produksjonsverksemd er ønskjeleg
God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
Kjennskap til HMS og korleis ulike arbeidsoppgåver utførast på ein trygg og sikker måte
Personlege eigenskapar:
Evna til å jobbe strukturert, både sjølvstendig og i team
Serviceorientert
Ansvars- og kvalitetsbevisst
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
Lerum tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit godt arbeidsmiljø, med engasjerte og dyktige kollegaer
Spennande og varierte oppgåver i ein moderne fabrikk
Lyst til å høyra meir om stillinga som automatikar?
Ta kontakt med oss for en hyggelig prat
Jorunn Skrede Klakegg - 982 40 361 / jorunn@visere.no
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Alle søknadar vert handsama fortløpande.

BEREKRAFT SIDAN 1907
«Vi kan ikkje kaste bær», sa Kari Lerum ein augustdag i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien utanfor landhandelen på Sørheim. Slik oppstod Lerum.
Sidan den gong har Lerumfamilien med si verksemd i Sogn teke vare på frukt og bær, naturen, menneska og lokalsamfunnet som vi er ein del av, slik at noverande og framtidige generasjonar skal ha glede av det gode naturen gir oss.
Nærleik og kjærleik til den gode råvara er utvikla gjennom generasjonar med stolte handverkstradisjonar. Vi har alltid safta og sylta kvalitetsprodukt, og gleda det norske folk med den aller beste smaken av frukt og bær. Vi skal vere ein sterk norsk utfordrar som skaper meirverdi saman med tilsette, forbrukarar, kundar, myndigheiter og lokalsamfunnet.
Lerum frå Sogn – kjærleik til frukt og bær.

I Saftbygda skal vi lage verdas beste smak av frukt og bær!
Ekte | Stolt | Ærleg | Engasjert
- Steder
- Lerum, Kaupanger