Leiar forretningsutvikling - Digital Etikett AS
Vil du vere med på å forme den neste vekstfasen i Digital Etikett?
Vil du vere med på å forme den neste vekstfasen i Digital Etikett?
Digital Etikett er i sterk vekst og søkjer ein leiar for forretningsutvikling. Dette er ei nyoppretta rolle med ansvar for å vidareutvikle og, saman med leiinga, skalere selskapet. Du vil støtte leiinga i prosjekt, organisasjonsutvikling, forretningsutvikling og ekstern vekst.
Du vil arbeide tett saman med dagleg leiar og resten av leiargruppa, og få ei sentral rolle i den vidare utviklinga av verksemda. Saman med leiinga skal du bidra til gode strukturar og effektive prosessar i ein fase med vidare vekst.
Dette er ei rolle for deg som ønskjer ein sentral posisjon i eit selskap i utvikling, og som blir motivert av å vere med på å forme både organisasjonen og di eiga rolle over tid.
Digital Etikett er eit selskap der innovasjon, menneske og kultur står i sentrum for alt vi gjer.
Ansvarsområde
Følgje opp og bidra til måloppnåing innan selskapsmål, nøkkeltal og økonomiske resultat
Bidra med beslutningsstøtte og gjennomføringskraft til leiargruppa for å sikre effektiv drift, god organisering og kontinuerleg forbetring
Leie og gjennomføre utviklings- og forbetringsprosjekt
Vidareutvikle rutinar, arbeidsprosessar og styringsverktøy, og sikre ein høg grad av digitalisering og bruk av moderne og framtidsretta løysingar
Vere ein sentral sparringspartnar og prosjektleiar for dagleg leiar og leiargruppa
Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein strukturert og gjennomføringssterk person som kombinerer god forretningsforståing med evne til å skape framdrift og resultat, og som trivst med å arbeide gjennom og saman med andre.
Du har:
Høgare utdanning innan økonomi, eller tilsvarande
3–7 års relevant erfaring innan økonomi, controlling, prosjektleiing eller forretningsutvikling
Erfaring med resultatansvar og samanhengen mellom drift, økonomi, vekst og lønsemd
Evne til å arbeide både strategisk og operativt
Gode samarbeidsevner og god til å byggje tillit på tvers av organisasjonen
Er ein lagspelar som lyttar, involverer og får med folk
Evne til å forankre initiativ og, saman med leiinga, skape gode prosessar, tydelege prioriteringar og varige resultat både internt og i marknaden
Vi trur du er analytisk, strukturert og sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar som lyttar, byggjer fellesskap og skaper resultat saman med andre.
Vi tilbyr
Ei nøkkelrolle i eit selskap med sterk vekst og store ambisjonar
Stor påverknad på den vidare utviklinga av selskapet
Tett samarbeid med dagleg leiar og leiargruppa
Korte beslutningsvegar og høg grad av tillit og ansvar
Eit uformelt, inkluderande og ambisiøst arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Ei rolle med moglegheit for auka ansvar og vidare leiarutvikling i takt med selskapet sin vekst
Arbeidsstad: Gaupne i Luster kommune. Noko reiseverksemd må påreknast.
Lyst til å ta ein prat om stillinga?
Vil du vere med på å forme den neste vekstfasen i Digital Etikett? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Ta kontakt:
Jon Gjerde - 958 55 394 / jon@visere.no
Daniel Dvergsdal - 904 79 470 / daniel@visere.no
Dersom du ønskjer det, kan vi i første omgang halde namnet ditt konfidensielt overfor oppdragsgjevar.
Alle søknadar vert behandla fortløpande.
Om Digital Etikett
Digital Etikett AS er eit norskeigd trykkeri for etikettar og fleksibel emballasje, med hovudkontor og fabrikk i Gaupne. Selskapet leverer innovative løysingar til kundar over heile landet og har dei siste åra opplevd sterk vekst.
Vi skil oss ut gjennom høg kvalitet, raske leveransar, tett kundeoppfølging og medarbeidarar som brenn for å finne gode løysingar.
Les meir på www.digitaletikett.no.
- Steder
- Digital Etikett