Kommersiell leiar - Enivest AS
Vil du leie den kommersielle utviklinga i Enivest?
Kommersiell leiar
Enivest søkjer ein kommersiell leiar som vil setje retning, utvikle menneske og skape resultat. Du får ei sentral rolle i å vidareutvikle selskapet sin kommersielle posisjon i ein marknad i endring.
Du får det samla ansvaret for sal, marknad og kommersiell utvikling. Du skal leie eit kompetent fagmiljø, styrkje samspelet på tvers av organisasjonen og omsetje strategi og marknadsinnsikt til tydelege prioriteringar.
Kommersiell leiar rapporterer til administrerande direktør og inngår i leiargruppa.
Eit breitt kommersielt ansvar
Oppdraget er å utvikle og realisere den kommersielle strategien til Enivest. Du skal sjå marknad, kundebehov, sal og produkt i samanheng, identifisere moglegheiter og omsetje innsikt og strategiske val til tydelege mål og handling.
Rolla omfattar personalansvar og overordna budsjett- og resultatansvar for det kommersielle området. Du skal leie erfarne og sjølvstendige medarbeidarar, leggje til rette for gode avgjerder og følgje opp utvikling og leveransar. Du skal òg vere ein pådrivar for kommersiell utvikling og bidra i viktige prioriteringar på tvers av organisasjonen.
Kven ser vi etter?
Kanskje har du bakgrunn frå ei leiande rolle innan sal eller marknad. Eller kanskje kjem du frå ei anna leiarrolle med kommersielt ansvar. Vi legg større vekt på motivasjonen din for oppdraget og kva du kan tilføre Enivest enn på den nøyaktige tittelen du har hatt.
Du har erfaring med å utvikle både organisasjon og medarbeidarar. Du veit korleis strategi blir omsett til mål og aktivitet, og bruker data, kundeinnsikt og marknadsforståing til å prioritere og ta avgjerder. Erfaring frå større endringsprosessar eller integrasjonsarbeid vil vere viktig i rolla.
For å lukkast må du vere tydeleg på retning og forventningar, samtidig som du gir erfarne medarbeidarar rom til å ta ansvar. Du må kunne stå støtt når du møter motstand, og halde både retning og framdrift gjennom endringar som tek tid.
Du treng ikkje ha bakgrunn frå telekom, men må vere nysgjerrig på teknologi og kunne setje deg raskt inn i verksemda og marknaden vi opererer i. Du har relevant høgare utdanning.
Kvifor Enivest?
Enivest kombinerer lokal marknadsforståing og nærleik til kundane med eit sterkt fagmiljø og ein etablert posisjon på Vestlandet. Her er vegane korte frå idé til avgjerd, og du får høve til å påverke både retning og gjennomføring.
Selskapet går inn i ein ny fase. Eit breiare tenestetilbod og nye fagmiljø gir fleire moglegheiter å spele på, samtidig som Enivest skal byggje vidare på den lokale krafta. Som kommersiell leiar får du ei sentral rolle i å omsetje dette til verdi for kundane og selskapet.
Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og bidreg til lokal vekst og verdiskaping. Du får eit breitt mandat, høve til å påverke og eit leiaroppdrag der resultata av arbeidet ditt blir synlege.
Lyst til å ta ein prat om stillinga?
Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Jorunn Skrede Klakegg – 982 40 361 / jorunn@visere.no
Vi ser fram til å motta din søknad og CV.
Alle søknadar vert behandla fortløpande.
- Steder
- Enivest AS