Teknisk inspektør - Fjord1
Fjord1 søkjer teknisk inspektør
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein sentral aktør i det grøne skiftet innan transportsektoren. Vi kombinerer lange maritime tradisjonar med modernisering, teknologi og framtidsretta drift. No søkjer vi ein strukturert og sjølvstendig teknisk inspektør som vil inngå i det operative tekniske fagmiljøet vårt i Florø. Du får ansvar for ei portefølje på fem til seks fartøy og vil vere ein viktig ressurs i arbeidet med vedlikehald, klassing, verkstadopphald og teknisk dokumentasjon. Rolla krev god operasjonell forståing, evne til å handtere fleire parallelle prosessar – og vilje til å ta ansvar og eigarskap til eigne oppgåver.
Stillinga er organisatorisk forankra i teknisk driftseining og har arbeidsstad i Florø. Reiseverksemd inngår, men er hovudsakleg avgrensa til regionen.
Som teknisk inspektør i Fjord1 får du ansvar for den tekniske oppfølginga av ei definert fartøyportefølje. Du jobbar tett med drift, innkjøp, verft og klasseselskap, og bidreg til at verkstadopphald, revisjonar og teknisk dokumentasjon blir gjennomført i tråd med krav og kvalitet. Du blir del av eit operativt miljø med høg teknisk kompetanse og moderne støttesystem.
Ansvarsområde
- Teknisk oppfølging og vedlikehald av fartøy i eiga portefølje
- Planlegging og koordinering av verkstadopphald og klassing
- Budsjettering og dokumentasjon i vedlikehaldssystem
- Kontakt med klasseselskap, leverandørar og relevante myndigheiter
- Samarbeid med drift og teknisk leiing om løpande driftsforbetringar
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har teknisk forståing, evne til å jobbe strukturert og ønskjer å vere tett på fartøy og operativ drift. Du har gjerne erfaring frå maritim teknisk rolle – som maskinsjef, maskinist eller teknisk ansvarleg – og ønskjer å bruke kompetansen din i ei utviklingsretta rolle på land.
Aktuelle bakgrunnar kan vere:
- Maskinsjef, maskinist eller teknisk personell frå ferje, offshore, verft, rederi eller med annan teknisk bakgrunn
- Driftserfaring frå maritim sektor, klasseselskap eller teknisk støttefunksjon
- Fagbrev og/eller høgare utdanning innan tekniske eller maritime fag
- Gode framstillingsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
Du må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig, men også vere ein lagspelar i eit operativt miljø. Reiseaktivitet og fysisk tilstadesværelse er ein naturleg del av kvardagen.
Dette tilbyr vi deg
- Ei sentral rolle i teknisk drift i Noregs største ferjeselskap
- Ein arbeidsgivar med tydeleg miljøprofil og gode løysingar knytt til framdriftsteknologi
- Eit erfarent og samarbeidsorientert fagmiljø i Florø
- Moglegheit til å forme eigne arbeidsdagar og ta ansvar for eigen portefølje
Eit mannskap for alle
Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.
Lyst til å høyre meir?
Ta kontakt med:
Asbjørn Grini – 917 94 825 – asbjorn@visere.no
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 – daniel@visere.no
Søknadar vert handsama fortløpande.
Om Fjord1
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit framoverlent selskap, med store ambisjonar for framtida.
- Steder
- Fjord1
