HMS-Inspektør - Fjord1 AS
Sikre tryggleik og kvalitet – tett på både mannskap og fartøy.
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein sentral aktør i det grøne skiftet innan maritim transport. Vi kombinerer lange maritime tradisjonar med modernisering, teknologi og framtidsretta drift. No søkjer vi ein HMS-inspektør som vil vere ein nøkkelperson i arbeidet med tryggleik, arbeidsmiljø og beredskap i drifta vår.
Som HMS-inspektør i Fjord1 blir du del av eit kompetent fagmiljø med sterkt fokus på trygg og effektiv drift. Du vil samarbeide tett med fartøy, leiarar, mannskap og interne fagressursar for å sikre at vi følgjer gjeldande regelverk og held eit høgt nivå på HMS-arbeidet. Rolla kombinerer systematisk oppfølging med praktisk tilstadesværelse om bord på fartøya, og krev både analytiske evner og gode relasjonelle ferdigheiter.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. For denne stillinga opnar vi for søkjarar i
både Florø, Molde og Bergen.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- Støtte i arbeidet med å etablere ein proaktiv sikkerheitskultur
- Medverke til å oppnå Fjord1 sine HMS-mål
- Støtte i implementering av Fjord1 sin HMS-strategiplan
- Medverke til å utvikle Fjord1 sitt styringssystem
- Gransking av uønskte hendingar
- Gjennomføre risikovurderingar
- Sakshandsaming og rådgjeving i spørsmål som gjeld HMS
- HMS-opplæring av tilsette
- Handtering av nye eller endra HMS-reglar og krav
- Bidra i leiing si gjennomgang
- Utarbeide erfaringsoverføringar frå uønskte hendingar
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har interesse for HMS-arbeid, evne til å jobbe strukturert og
ønskjer å vere tett på fartøy og operativ drift. Du har gjerne erfaring frå maritim
bransje, eller som offiser på fartøy– og ønskjer å bruke kompetansen din i ei rolle på
land. Du må trivast i eit miljø der samarbeid, tryggleik og kvalitet står i sentrum.
Vi trur du har:
- Erfaring frå HMS-arbeid, gjerne frå maritim, offshore eller annan relevant sektor
- Fagbrev, teknisk utdanning eller høgare utdanning innan HMS eller maritim drift
- Kjennskap til gjeldande HMS-regelverk og relevante standardar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, både om bord og på land
Dette får du hos oss
- Ei sentral rolle i tryggleiks- og kvalitetsarbeidet til Noregs største ferjeselskap
- Varierte oppgåver med kombinasjon av systemarbeid og operativ oppfølging
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse
- Ein arbeidsgivar med tydeleg miljøprofil og framtidsretta teknologi
Eit mannskap for alle
Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.
Vil du vite meir?
Ta kontakt med:
Asbjørn Grini – 917 94 825 – asbjorn@visere.no
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 – daniel@visere.no
Søknadar vert handsama fortløpande.
Om Fjord1
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit framoverlent selskap, med store ambisjonar for framtida.
- Steder
- Fjord1
