Produkt- og segmentansvarleg - Eiksenteret Førde
Vil du bygge nye marknader, drive utvikling av kundesegment og vere nøkkelperson i ei strategisk satsing?
Eiksenteret Førde opprettar ei heilt ny stilling som produkt- og segmentansvarleg. Vi står i ei vekst- og omstillingsfase, og søkjer deg som kan tenke deg ei sentral rolle der du får utvikle nye og eksisterande satsingsområder for senteret, og byggje relasjonar på tvers av kundesegment. Rolla inneber at du tek eigarskap til utvalde produktlinjer, og blir ein naturleg fagperson for småmaskiner, utstyr og tilbehør til proff- og privatmarknad, entreprenør, landbruk og offentleg sektor.
Du vurderer sortiment og produktlinjer, avdekkar behov og utviklingsmoglegheiter og samarbeider tett med verkstad, delelager, butikk og sal - for å sikre god flyt og leveransar som held høg kvalitet. Kunden treff du på telefon, e-post og i butikken. Det er viktig at du er tilgjengeleg på desse kontaktflatene, og fleksibel i forhold til breidda i arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga.
I tillegg får du ansvar for å planlegge og gjennomføre marknadsaktivitetar som kundekveldar, demodagar, kampanjar og synlegheitsarbeid. Her jobbar du tett saman med vår marknadsressurs for å utvikle foto- og videoinnhald og sikre at aktivitetane våre når ut, engasjerer og skapar trafikk.
Dette er rolla for deg som vil ta ansvar for at Eiksenteret Førde utnyttar potensialet i satsingane vi no løftar fram, og som ønskjer å vere med å utvikle noko nytt saman med oss.
Stillinga rapporterar til dagleg leiar.
Dine ansvarsområde
- Forretningsutvikling - Utvikle nye kundesegment og byggje posisjon i marknaden.
- Produkt- og segmenteigarskap - Ha strategisk ansvar for relevante produktkategoriar innan robot- og småmaskiner, så vel utstyr og tilbehør til proff- og privatmarknaden, entreprenør, landbruk og offentleg sektor.
- Rådgjeving - Sikre profesjonell behovsavklaring, løysingsforslag og oppfølging av både privat- og proffkundar.
- Marknadsaktivitetar og synlegheit - Planlegge og gjennomføre tiltak som demoar, kampanjar og kundearrangement i samarbeid med marknadsressurs på senteret i Førde, så vel marknadsfunksjonen i Eik-kjeden.
- Kommersielt resultat- Bidra til at senteret når sine kommersielle mål
- Teknisk innsikt og kvalitet - Ivareta teknisk forståing av produkta og sikre god overgang mellom sal, verkstad og ettermarknad.
Stillinga krev teknisk innsikt. Du må kunne utføre enkel feilsøking, konfigurering og oppstart av produkt, og bidra med montering og klargjering av småmaskiner og utstyr – særleg i sesong. Denne kombinasjonen av forretningsutvikling og teknisk rådgjeving trur vi at gjer rolla både variert og fagleg spennande.
Kven er du?
Vi ser etter ein person med kommersiell teft og handlekraft. Du likar å jobbe der det skjer og har evne til å få ting gjort - frå idé til gjennomføring. Og ikkje minst trivst du i ein variert arbeidskvardag der to dagar sjeldan er like.
Du har gjerne ei interesse for landbruk, og eit ønskje om å arbeide med tenesteyting mot kundar i privat- og offentleg sektor, så vel profesjonelle aktørar. Dette omfattar behovsavklaring, rådgjeving og ein profesjonell kundeoppfølging frå første dialog til levering.
Kvifor Eiksenteret i Førde?
Hos oss blir du del av ei etablert verksemd med lokal eigarskap, stort engasjement og korte beslutningslinjer.
Vi tilbyr:
- Høve til å forme senteret vidare i lag med erfarne kollegaer
- Strukturert opplæring og fagleg utvikling gjennom AGCO Academy
- Eit uformelt og jordnært arbeidsmiljø med høg fagleg stoltheit
- Konkurransedyktige vilkår og ordna arbeidstilhøve
Hos Eiksenteret i Førde får du ein arbeidsplass med kvalitet i botn – og handlingsrom til å utvikle senteret vidare saman med oss.
Lyst til å ta ein prat om stillinga?
Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Vi ser fram til å motta din søknad og CV.
Alle søknadar vert behandla fortløpande.
OM EIKSENTERET FØRDE
Eiksenteret Førde vart starta i 1986 og har i dag 10 tilsette, med ei omsetning på ca 70 mill. årleg. Eiksenteret er ein del av ei landsdekkande franchisekjede der Eikmaskin AS er kjedegiver og importør.
Eik-kjeden består av 30 sjølvstendige selskap som med sine underavdelingar er representert på 46 stader i Norge. Vårt produktspekter er kjende merkevarer; Massey Ferguson, Fendt, Ålø, Grimme, HE-VA, Junkkari, Dalen, Amazone og Tellefsdal - I tillegg til eit omfattande butikk og rekvisitautval til landbruk- og anleggsbransjen.
- Steder
- Eiksenteret Førde