Leveransekoordinator - Enivest AS
Er du koordinatoren vi er på jakt etter?
Er du koordinatoren vi er på jakt etter?
Enivest er ein regional internettleverandør som leverer breiband og tilknytte tenester til store delar av Nordvestlandet. Vi har over 28 000 privatkundar og meir enn 2 000 linjer til bedrifter og offentlege verksemder. Vårt tilbod omfattar breiband via fiber, TV- og strøymetenester frå Telia og Altibox, samt telefoni- og WiFi-løysingar.
Bak kvar nettilkopling ligg det eit leveranseløp som må fungere – frå prosjektering og planlegging til bestilling, utbygging og ferdig etablert teneste. For å styrke dette arbeidet søkjer vi no ein leveransekoordinator til Avdeling Leveranse i Enivest.
Kva ventar deg som leveransekoordinator hos Enivest?
Som leveransekoordinator vil du ha ei sentral rolle i koordinering og oppfølging av leveransar av breibandstenester til privat- og bedriftskundar. Du skal bidra til å sikre framdrift, kvalitet og god samhandling gjennom heile leveranseløpet – frå bestilling til ferdig etablert teneste.
Arbeidet omfattar koordinering mot entreprenørar og interne fagmiljø, oppfølging av ordre, samt handtering av saker knytt til etablering, flytting og endring av eksisterande breibandsløysingar. I tillegg vil du ta del i vidareutvikling og forbetring av arbeidsprosessar og systemstøtte innan leveranseområdet.
Stillinga inngår i leveranseteamet i Enivest, og rapporterar til leiar for Prosjekt & Leveranse.
Ønskjeleg erfaring
Erfaring frå rolle med ansvar for koordinering, saksbehandling eller administrativ oppfølging
Erfaring med kundedialog og samhandling med eksterne samarbeidspartnarar
God systemforståing og erfaring med bruk av digitale arbeidsverktøy
Erfaring frå telekom-, entreprenør-, bygg- eller infrastruktursektor kan vere ein fordel
Strukturert arbeidsform og evne til å handtere fleire oppgåver parallelt
Relevant utdanning er ønskjeleg, men erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere
Det viktigaste er ikkje kva du har gjort tidlegare, men kven du er. Ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje treff på alle punkt, det gjer ikkje vi heller.
Bli ein del av Enivest
Hos oss vil du få gode utviklingsmoglegheiter i eit inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer som støttar og inspirerer kvarandre. Vi legg stor vekt på å satse på våre tilsette og fremje ein delingskultur med korte linjer og samarbeid på tvers av fagområde og avdelingar.
Vi tilbyr gode velferdsordningar og fleksible løysingar som gjer det lett å kombinere arbeid og kvardagsliv. Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og er aktiv i fleire lokale initiativ og prosjekt. Vi jobbar for å auke attraktivitet og bulyst i regionen, samt leggje til rette for lokal vekst og verdiskaping.
I Enivest verdset vi mangfald og trivsel på arbeidsplassen, og vi er opptekne av å leggje til rette for fagleg og personleg utvikling.
Lyst til å ta ein prat om stillinga?
Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Vi ser fram til å motta din søknad og CV.
Alle søknadar vert behandla fortløpande.
Les meir om rekrutteringsprosessen til Visere her: https://visere.no/om-oss/
Om Enivest
Enivest er ein leiande regional internettleverandør som leverer breiband og tilknytte tenester til store delar av Nordvestlandet. Selskapet vart etablert i 2000 og har i dag over 28 000 privatkundar og 2 000 bedriftslinjer. Vi leverer breiband basert på fiber til privat- og offentleg sektor, i tillegg til TV- og strøymetenester frå Telia og telefoni- og WiFi-løysingar.
Enivest har om lag 50 tilsette, med hovudkontor i Førde og avdelingar i Etne, Tysnes, Florø og på Sandane. Les meir på www.enivest.no
- Steder
- Enivest AS