HR-leiar - Westcon Yard Florø AS
Westcon Yard Florø søkjer HR-leiar
Westcon Yard Florø held til på det tradisjonsrike verftet sentralt i Florø, og er ein leiande aktør innan forretningsområda subsea, fabrikasjon, skip og forsvar. Vi har ei prosjektportefølje som stadig utviklar seg i takt med nye behov og moglegheiter. Westcon satsar langsiktig og jobbar målretta med modernisering, berekraft og vidareutvikling av kompetanse.
Vi står i ei tid med sterk vekst og nye moglegheiter, og søkjer no ein HR-leiar som vil vere ein strategisk ressurs i vidare utvikling av organisasjonen, kulturen og menneska våre. Vi er i dag rundt 200 tilsette – og vi held fram med å vekse.
HR-leiar Westcon Yard Florø
Som HR-leiar vil du ha ansvar for å vidareutvikle HR- og lønnsfunksjonen, og med dette understøtte verftet sine forretningsprosessar og overordna mål. Denne nøkkelposisjonen har ei sentral rolle i vårt arbeid med kultur og arbeidsmiljø. Stillinga rapporterar til verftsdirektør, og har personalansvar for tre medarbeidarar innan HR og løn.
Ansvar og arbeidsppgåver
- Levere HR-tenester frå A - Å
- Vidareutvikle HR- og lønnsfunksjonen
- Leie og bistå i relevant omstillings-, utviklings- og endringsarbeid
Du blir ein naturleg rådgjevar for leiargruppa og ein synleg partnar for heile organisasjonen. Gjennom strategisk og operativt HR-arbeid får du bidra til at verftet har rett kompetanse, gode prosessar og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Kvifor velje Westcon Yard Florø
Som HR-leiar i Westcon Yard Florø får du ein sentral plass hos ein leiande leverandør av grønne og innovative løysingar innan offshore-, energi- og maritim industri. Her får du høve til å påverke og forme utviklinga – både fagleg, organisatorisk og menneskeleg – i eit miljø der initiativ blir verdsett.
Du blir del av eit inkluderande fellesskap med høg kompetanse, korte beslutningsvegar og engasjerte eigarar og kollegaer. Samstundes tilbyr vi gode velferdsordningar og fleksible løysingar som gjer det lett å kombinere arbeid og kvardagsliv.
Med moderne produksjonsfasilitetar og framtidsretta prosjekt – tilbyr Westcon Yard Florø ein arbeidsplas der du får både fagleg utfordring, tryggleik og rom til å utvikle deg vidare.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert leiar som skapar tillit gjennom tydeleg kommunikasjon og fagleg tryggleik. Du er strukturert, strategisk og opptatt av å byggje fellesskap – og du evnar å balansere operativt arbeid med strategisk retning.
Ønska kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
- Leiarerfaring er ønskjeleg, men leiaregenskaper er avgjerande
- Interesse for- og kompetanse innan effektivisering og forbetringsprosessar
- God kjennskap til aktuelle lover og avtaleverk
- Erfaring med organisasjonsutvikling og endringsprosessar
- Gode språkferdigheiter i norsk og engelsk
Lyst til å ta ein prat om stillinga?
Ta kontakt:
Asbjørn Grini – 917 94 825 / asbjorn@visere.no
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Vi ser frem til å motta din søknad og CV innen 30. november 2025.
Alle søknadar vert behandla fortløpande.
OM WESTCON YARD FLORØ
Westcon Yard Florø er i vekst og har som underleverandør til Kongsberg Naval Service inngått ein strategisk rammeavtale om vedlikehald av forsvaret sine fregattar, i tillegg til avtalar om vedlikehald av Kystvaktflåten. Vi opplever samtidig god vekst innanfor nybygg av subseamodular og leverer mellom anna til kundar som Aker, Technip FMS og Subsea 7. Vi er opptekne av at du må ha dei rette haldningane, like å samarbeide og kunne kommunisere godt med andre. Vi er vidare opptekne av at vi her på Westcon er eit fellesskap, der kunnskap blir delt på tvers av roller og avdelingar.
Kvifor velje oss? Som HR - leiar hos oss vil du få faglege utfordringar, men òg gode moglegheiter for individuell karriereutvikling. Våre siste store kontraktar gir oss mange moglegheiter, men òg tryggleik og stabilitet i eit langsiktig perspektiv. Som arbeidsplass kan vi by på fagleg utfordring og utvikling, kjekke kollegaer med godt samhald, eiga kantine, velferdsordningar og gode framtidsutsikter. Vi er i dag rett over 200 tilsette, og ser fram til å ønskje fleire nye kollegaer velkomne!
Verftet si lokalisering: Florø er ein småby med om lag 9 000 innbyggjarar lengst vest i landet og er omgjeven av fantastisk natur. Fjell og hav er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv med kafear, kultur og ulike fritidstilbod. Her er ein sentralt plassert flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. I tillegg har Kystekspressen sine båtruter to daglege avgangar til Bergen.
- Steder
- Westcon Yard Florø